Skarbø Sider Utvalde sortar
Skarbø Gard
Sidrane våre er handverksprodukt, og laga med kjærleik i det vesle sideriet på garden. Skarbø Sider Utvalde sortar er laga av fleire gode, tradisjonsrike sortar, slik som Kaupanger, Torstein og Signe Tillisch, dyrka her på garden og i området rundt. Sideren er eit naturprodukt – spontangjæra og sulfittfri. Jordsmonnet og lokalklimaet gir eple med mykje god syre, og dei edle dropane får ein spesiell karakter og fylde.
Skarbø Sider Utvalde sortar 2019-årgang:
*Aroma: Duft av sitrus og blomar.
*Smak: Rund og sødmefylt inngang, og frisk, balansert avslutning med hint av grapefrukt. God, fyldig ettersmak.
*Søtleik og styrke: Halvtørr. 8% vol.
*Passar til: Aperitiff, tapas, sjømat, lam, grillmat.
I salg hos
Skarbø Sider Utvalde sortar er i Vinmonopolet sitt tilleggsutval. Tilgjengeleg på Vinmonopol rundt om i landet, og om du spør, kan dei ta den inn på akkurat ditt pol. Vi leverer også direkte til HoReCa, det er berre å ta kontakt. For eit oversyn over noverande serveringsstader: https://skarbogard.no/utsalssteder/
Ingredienser | Eple og nokre gram sukker |
---|
Allergener | warningIngen |
---|
Egenskaper | - Sulfittfri, utan nokon kjemiske tilsetjingar, spontangjæra
|
---|
Oppbevaring | Aller best horisontalt, kjøleg og mørkt. Men toler også romtemperatur og vertikal lagring. |
---|
Næringsinnhold pr. 100g/ml
Produktvarianter
75 cL
GTIN (F-pak): 7072934000008
Mål (DxBxH i cm): 0 x 0 x 33
Antall F-pak I D-pak: 6
Logg inn for å se mer
For å få full tilgang, må man være registrert og pålogget.
Logg innerror_outline
Merk at produsenten selv er ansvarlig for informasjonen på denne siden. Den som tilbereder/serverer mat til en allergiker må alltid lese produktets ingrediensliste nøye. Stiftelsen Norsk Mat er ikke ansvarlig for eventuelle feil eller mangler i den oppgitte informasjonen.