Volda Fiskemat AS

Møre og Romsdal

Sidan slutten av 80-talet har vi produsert potetball m/flesk i tillegg til tradisjonelle fiskematprodukt som fiskekaker, fiskebollar og fiskepudding etc. Opp gjennom åra har vi tileigna oss stor kunnskap og potetballen er særs kjent for sin gode smak og kvalitet. Potetball er like gjerne kvardagsmat som festmat og veldig enkelt i større lag. Vi lanserte glutenfri potetball i 2016 med særs god respons. Tilbakemeldingane er udelt positive og særlig frå dei som har glutenintoleranse.

Volda fiskemat AS vart etablert i 1942 og er den eldste fiskematprodusenten på Sunnmøre. Sidan 1978 har bedifta vore lokalisert i Furene industriområde, i Volda kommune, i eigne lokaler. Gjennom åra har det vore ulike moderniseringar og utbyggingar for å optimalisere produksjonen og vere førebudd på morgondagens krav til orden og hygiene.

Volda Fiskemat AS framstår som eit moderne, ryddig og oversiktelig produksjonsanlegg. Vi er bevisste at gode løysingar på maskiner og utstyr er kostnadseffektivt på sikt, samtidig som det reduserar menneskelig slitasje. Arbeid skal vere utfordrande, inspirerande og motiverande.

Arbeidsglede, innsikt og framifrå samhandling er nøkkelord for dei 6 tilsette som utgjer Volda Fiskemat AS. Vi er stolte av produkta og har høge kvalitetskrav i det vi føretek oss. Vi har stor grad av fleksibilitet, god produksjonskapasitet, gode samarbeidspartnarar og posisjonert oss for framtidig vekst.

Produkta våre er i dei fleste daglegvarebutikkane på Sunnmøre, samt delar av Romsdal og Nordfjord. Desse blir distribuerte under eige merkenamn gjennom grossist Giørtz Sønner AS, Ole Ringdal AS og Coop Norge Trondhiem.

Alle produkter fra Volda Fiskemat AS

Volda Fiskemat AS

POTETBALL M/FLESK 4-PAK VAKUMPAKKE

Potetballen vår blir skildra som "av heimelaga kvalitet". Dette er i tråd med det vi strekker oss etter. Vår potetballproduksjon er aldri tilfeldig, det meste av arbeidet skjer i forkant. Det er nok difor vi ofte høyrer; "den smakar slik som bestemor sin gjorde".

Gå til produkt

Volda Fiskemat AS

POTETBALL M/FLESK 12-PAK VAKUMPAKKE

Potetballen vår blir skildra som "av heimelaga kvalitet". Dette er i tråd med det vi strekker oss etter. Vår potetballproduksjon er aldri tilfeldig, det meste av arbeidet skjer i forkant. Det er nok difor vi ofte høyrer; "den smakar slik som bestemor sin gjorde".

Gå til produkt

Volda Fiskemat AS

POTETBALL GLUTENFRI 6 PAKNING

Glutenfri potetball med flesk (salta svinekjøtt).

Gå til produkt

Godkjenn produsent

Produsenten er godkjent, og er varslet på e-post.

×

Godkjenn produsent

Produsenten er fjernet som godkjent, og er varslet på e-post.

×

En feil oppstod

×

Producer has veiledningsavtale

Should there be a message here?

×

Producer has no veiledningsavtale

Should there be a message here?

×

En feil oppstod

×