Solvorn Frukt Mossestad

Sogn og Fjordane

Eple Discovery, Aroma og Raud Aroma Plomme Edda, Mallard, Reeves og Excalibur + mindre kvanta av Opal, Jubileum, Reine Claude d'Oullins og Reine Claude Althans Eplemost Aroma eller Discovery, 3 liter og 5 liter bag in box

* Karens 2018, Økologisk fra 2019
Plantevernmidlar har ikkje vore nytta på produksjonsarealet sidan 1982.

* Walaker Store 176/21, sydvendt, solrikt, kalde vintrar, varme sumrar,
nedbørsfattig, vatningsvatn ved Solvorn Vatningslag

* Tremodne frukter
Hagen er passe stor til at han kan haustast når frukta er tremoden.

* Eigne produksjonslokal av eplemost er godkjent av Mattilsynet

* Varer kan hentast av kunde på heimeadressa eller

* Varer kan bestillast og leverast til kunde pr bil til avtalt dato

* Plommer fra først i august til ut september. Discovery i september. Aroma
og Raud Aroma i oktober.

* Eplemost vert produsert fortløpande under innhausting. Friske nyhausta
eple gir det beste produktet.
Produksjonsprosessen er slik: Epla blir kverna (mos), mosen vert pakka i
kunstfiberstoff til pakkar (50cmx50cmx8cm). Ein stabel av slike pakkar vert
sett inn i ei "pakkpresse" der safta (mosten) vert pressa ut. Safta vert så
overført til termostatkjelar og varma opp til 79 gr C (pasteurisert), og fylt i
bags direkte frå tappekran på kjelen. Det er ingen tilsetjingar til
eplemosten.
Eplemost i bag kan lagrast lenge, gjerne 2 år, utan merkbar tap i kvalitet.
Tempratur ned mot 0 grader i mørke gir det beste resultatat. Mosten i ein
bag som er opna og ligg i kjøleskap held seg like god i dagevis.





Alle produkter fra Solvorn Frukt Mossestad

Solvorn Frukt Mossestad

Eple

Discovery, Aroma og Raud Aroma

Gå til produkt

Solvorn Frukt Mossestad

Eplemost

Eplemost Aroma eller Discovery, 3 eller 5 liter

Gå til produkt