Små Vesen AS

Innlandet

Små Vesen er eit bryggeri i Aurdal, Valdres. Me brygger øl med vekt på godt handverk og lagspel med dei underjordiske. Ein skal ikkje lenger attende i folketrua enn til 1800-talet, då trudde folk det var dei underjordiske som gav alkoholen i ølet. Ja, ein kunne sjå dei i bruset og boblene. Desse små vesena set me stor pris på, difor bryggeriet Små Vesen

Små Vesen AS er eit selskap eigd av Knut Kulhuset (Styreleiar), Espen Blåfjelldal (Styremedlem), og Kristian Peter Belsheim (styremedlem og dagleg leiar). Frå og med sumaren 2015 leverer me godt øl frå Valdres, brygga med godt handverk, og med vekt på kvalitet, stabilitet og forutsigbarheit. Og sjølvsagt lagspel med dei underjordiske – små vesen.
Me brygger øl i nytt bryggeri på garden Anmarkrud i Aurdal. Her er det bygd opp eit profesjonelt produksjonslokale som gjer oss i stand til å brygge godt øl, gong på gong. Me brygger 2000 liter på ein dag, har kapasitet på 4000 liter i gjæringskar, og vonleg 6000 liter + i modningstankar etter kvart. Tida frå brygging til sal tek om lag 5 veker.

Alle produkter fra Små Vesen AS

Små Vesen AS

Gygr Amber Ale

Innlandet

Gygr Amber Ale er eit ravfarga øl med ein god og fyldig maltkropp. Mykje amerikansk humle gjer at dette ølet er av dei meir humlesterke øl frå Små Vesen. Lausleg bruk av Citra gjev ølet eit høveleg sitruspreg, og du kan kjenne crystal- og karamelltonar frå Crystalmalt.

Gå til produkt

Små Vesen AS

Audhumla Pale Ale

Innlandet

Audhumla er ein forfriskande og lett bitter pale ale, høveleg humla med engelsk og amerikansk humle. Eit godt øl som passar til gode middagsrettar, eller for seg sjølv.

Gå til produkt

Små Vesen AS

Marmæle, Rakfiskøl frå Valdres

Innlandet

Marmæle er eit rakfiskøl frå Små Vesen. For å høve godt til ein god og modna rakfisk er dette ølet tilsett humle også etter gjæring. Dette gjer at me får meir humlepreg, som høver særs godt til samansetninga av malt og bitterheiten i ølet. Marmæle høver godt til eit smaksrikt måltid, men er også leskande og godt for seg sjølv.

Gå til produkt

Små Vesen AS

Vette Kveiteøl

Innlandet

Vette er eit kveiteøl av belgisk type. I kveiteølet er det fyrst og fremst gjæringa som set preg på smaken, friskt og fruktig. Ølet passar godt til lette matrettar, fisk og asiatisk mat.

Gå til produkt