Saman med bryggerlauget Brageskål har me laga eit øl med mykje amerikansk humle av typane Chinook og Simcoe. Laugsmedlemmene Glenn Ove Pedersen og Frode Kaspersen står bak oppskrifta og namnet Skjoldmøy.

Ølet er ein humledriven amber som høver til all slags kraftig kjøtmat, men klarar seg og fint aleine. Nytast avkjøla omkring 4 - 5 C.