Salamander 1865 er eit hybridøl, brygga som ein lager, men det er nytta ein pale ale gjærtype. Resultatet er eit lyst øl som passar godt saman med sjømat eller aleine i solvarmen. Nytast avkjøla omkring 4 – 5 ˚C.

Navnet til denne ølen er inspirert av eit sentralt årstal i Sveio kommune si historie. Sveio vart oppretta som kommune i 1865 ved frådeling av Sveio sokn i Finnås kommune og Vikebygd sokn i Fjelberg kommune.