Me som driv Ryfylke gardsysteri heiter Joar og Hilde Hauge. Me tok over familiegarden til Joar i 2008 og same år bygde me nytt hønsehus til 7500 frittgående høns. Då det var det tid for å oppgradere det gamle båsfjoset til lausdrift bestemte me oss for å bygga nytt mjølkefjos med tilhøyrende ysteri. Fjoset blei bygd i 2019 og ysteriet fullført i 2020 med produksjonsstart september 2020. Joar har fagbrev innan industriell næringsmiddelproduksjon og har interesse for mat som er mest mogleg urørt, difor falt valget på upasturisert ost. Hilde driv, i tillegg til å yste, med foto. Me har 3 unger; Jonah 14, Frida 12 og Lyder 8 år. Alle tre er interessert i gardsdrift og er i ulik grad med i drifta på garden. Me foredle mjølk frå våre eigne kyr. Ysteriet og fjoset ligg vegg i vegg så mjølka har kort veg til ystekaret. Rett og slett ureist. Ostane våre: Rabben er navnet på den halvfaste osten vår, navnet har den fått fordi det heiter rabben der fjoset og ysteriet står. Rabben kjem i 3 forskjellige lagringsaldrar. Me produserer og Ryfylkeyoghurt naturell og Ryfylkeosten. Ryfylkeosten er ein kremost som er modna på mjølkesopp.