Ottadalen Mølle SA

Oppland

Ottadalen Mølle i Skjåk har foredla bygg på steinmølle ved Ofossen Mølle siden 1865. Bygg er sjølve urkornet og næringsstoffa i Skjåkmjøl og Skjåkgryn har særleg gode verdiar. Dette er ein følge av dei særeigne dyrkingshøva, kvaliteten på kornet og den tradisjonelle tilverkninga med lite avskalling og høg utmalingsgrad. Dei gamle gode maskinane bidreg til at mjøl og gryn frå Ofossen Mølle inneheld betre næringstoff enn mjøl og gryn frå andre produsentar

Skjåk har mindre nedbør enn Sahara. Bygdefolket vatnar difor jorda med vatn frå brear og fjell. Dette gjev godt og rett mengde vatn til rett tid. Tørt og stabilt klima med gode sorter legg grunnlaget for ein uslåeleg kvalitet på kornet. Vi følgjer kornet frå jord til bord og kan garantere eit trygt og velsmakande produkt. Bygg er særleg rikt på kostfiber, antioksidanter, B-vitamin og mineral – sunt og næringsrikt. Næringsstoffa i bygg, som har særlig god påverknad på helse og ernæring, sit hovudsakleg i ytste laget av kornet.

Alle produkter fra Ottadalen Mølle SA

Ottadalen Mølle SA

Skjåkmjøl

Skjåkmjøl er eit sammale byggmjøl som inneheld 90 % av kornet. Dette er vesentleg meir enn andre byggprodukt på marknaden. Næringsstoffa som har særleg god påverknad på helse og ernæring, sit hovudsakleg i ytste laget av kornet. Det er difor viktig med lite avskalling og høg utmalingsgrad.

Gå til produkt

Ottadalen Mølle SA

Skjåkgryn

Skjåkgryn er heil byggryn som inneheld 80 % av kornet, vesentlig meir enn industrielt tilverka byggryn ( 50 %). Næringsstoffa i bygg som har særleg god påverknad på helse og ernæring, sit hovudsakleg i ytste laget av kornet. Ottadalen Mølle satsar difor på lite avskaling og høg utmalingsgrad, og næringsstoffa i sluttprodukta har særleg gode og vitskapleg dokumenterte verdiar. Særleg høgt innhald av kostfiber og betaglukanar som gjer deg god og mett og bidreg til stabilt blodsukker og balansert næringsopptak.

Gå til produkt

Godkjenn produsent

Produsenten er godkjent, og er varslet på e-post.

×

Godkjenn produsent

Produsenten er fjernet som godkjent, og er varslet på e-post.

×

En feil oppstod

×

Producer has veiledningsavtale

Should there be a message here?

×

Producer has no veiledningsavtale

Should there be a message here?

×

En feil oppstod

×