Økodrift Homlagarden as

Hordaland

Økologisk kalkun og kylling frå Hardanger

Me har glede av å kunne levere deg den beste kylling og kalkun som kan oppdrivast i Norden!

Økodrift Homlagarden AS har som første fjørfeprodusent i landet eigne økologiske kyllingforeldredyr. Våre fine seintvaksande brune og svarte kyllingar vert klekt i eige klekkeri. Kyllingane får økologisk oppvekst frå fyrste dag. Våre kalkun er og av ein seintvaksande rase, ein svart kalkun som tåler godt norsk vestlandsklima. Grunnen for at me ynskjer oss seintvaksande raser er dyrevelferd og kvalitet på kjøttet. Fuglane veks i eit naturleg tempo og utviklar ein sterk og frisk beinstruktur, musklatur og indre organ. Fuglane beveger seg raskt og er glad for å kome ut på beite.

Økologisk fôr inneheld dei beste råvarer utan restar av sprøytemidlar og inneheld ikkje koksidiostatika (Narasin). Fuglane får rein og naturleg mat.
Homlagarden sin kalkun og kylling går fritt på beite kvar dag. Fuglane får ein seinare og naturleg vekst som gir kjøttet fylde, farge konsistens og smak av beste kvalitet!

Økodrift Homlagarden AS har ein årleg produksjon av økologiske kalkun og kylling på 10 bruk i Hardanger og Hordaland regionen. Eit innovativt driftssamarbeid der Homlagarden eig og administrerer produksjonen, men leiger bygg, areal og arbeids-kraft frå dei samarbeidande bruka. Til dømes bønder som har kalkun i sauefjøsa sine. Bygg som elles hadde stått tomme når sauene er til fjells er no fulle av kalkun summarstid. Ein vinn-vinn situasjon for bønden som får inntekt og beite vert halde vedlike og gjødsla. Dette har skapa ei interessant økologisk verksemd i regionen.

Drifta er godkjent av Mattilsynet og DEBIO. Produksjonen er på om lag 14 000 kalkun og 60.000 kylling årleg og er dermed i dag Noregs største produsent av økologisk kvittkjøtt. Dyra vert slakta og pakka i eige EU godkjent slakteri.
Homlagarden satsar på eit nytt slakteri som er planlagt ferdigstilt i januar 2019. Deretter kan me auke vår produksjon ytterlegare. Med eigne økologiske foreldredyr på kylling og klekkeri kan me tilpasse produksjonen etter behovet i marknaden. Nyskapande teknologiske løysningar med bl.a varmegjenvinning og rensing og gjenbruk av prosessvatn er innfor våre mål på bærekraftig produksjon.

Forskjellen mellom Homlagarden økologisk kylling og konvensjonell kylling? Her er ein liten oppsummering:
- Homlagarden Red Jack; ein verkeleg sein voksande rase som gjer at kyllingane har eit godt liv utan beinplager og svikt i indre organ. Homlagarden er fremst med eigne økologiske foreldredyr slik at me kan kome heilt vekk frå konvensjonelle raser
- naturleg befrukta egg. Homlagarden er einaste i Noreg!
- Masse plass inne og god tilgang til uteareal. Våre raser liker å kome seg ut på beite!
- Økologisk fôr utan sprøtemidlar
- Ingen bruk av kjemiske reingjeringsmidlar i vår bedrift. Me bruker organisk syre, Optima såpe osv. Mon tru at om me er ganske framtidsretta her også!
- Ingen bruk av medisin, verken antibiotika eller preventive medisin. Det er rett og slett ikkje nødvendig for kyllingane er sterk og frisk.
- Lang levetid; sein vekst er lang levetid.

Alle produkter fra Økodrift Homlagarden as

Økodrift Homlagarden as

Kalkun kjøttdeig

Kjøttdeig av kalkun utan tilsett vatn eller salt

Gå til produkt

Økodrift Homlagarden as

Kylling lår, heil

Økologisk kylling lår, heil

Gå til produkt

Økodrift Homlagarden as

Kylling brystfilèt

Økologisk kyllingfilèt med skin

Gå til produkt

Økodrift Homlagarden as

Kylling Heil

Økologisk kylling heil

Gå til produkt

Økodrift Homlagarden as

Kalkun Heil

Heil økologisk kalkun, oppbundet.

Gå til produkt

Økodrift Homlagarden as

Kalkun heil lårsteik, fersk

Heil steik med øvre lår (lårfilèt) og klubben.

Gå til produkt

Økodrift Homlagarden as

Kalkun Lårfilèt

Black Turkey Kalkun lårfilèt med skin, frosen

Gå til produkt

Godkjenn produsent

Produsenten er godkjent, og er varslet på e-post.

×

Godkjenn produsent

Produsenten er fjernet som godkjent, og er varslet på e-post.

×

En feil oppstod

×

Producer has veiledningsavtale

Should there be a message here?

×

Producer has no veiledningsavtale

Should there be a message here?

×

En feil oppstod

×