Møre og Romsdal
Volda Elektriske Mylne (Mylnå) produserer fint og grovt mjøl av ulike kornslag som kveite, spelt, rug, bygg, havre samt lokalt dyrka svarthavre. I tillegg mel vi ertermjøl og skal av havre (havrefiber) og bygg. Dei aller fleste produkta er økologiske. Desse sjeldne maskinane (store steinkverner, glattsida valsestol, platetørke, mm) gir oss særskilde muligheiter til å male nye, utradisjonelle og sunne fiberrike produkt til fint mjøl. Eksempel på dette er økologisk lokalprodusert chaga og seljemjøl (unge blad og skot av selje). Vi sel mest til daglegvare og bakeri, men har også eigen nettbutikk og butikk i Mylnebygget (Sunkost Volda). Mylnå står listeført i «regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi», men får ikkje statsstøtte til drift. Dei fleste produkta våre er merka med kvalitetsmerket "Olavsrosa" som vi mottok i 2008. Mylnå mottok prisen "Årets Miljøbedrift" i 2018, og er medlem i det internasjonale Économusée-nettverket (Handverkarar i arbeid). Vi viser gjerne både store og små grupper rundt i dette sjeldne anlegget.