SKJAAK er bryggja på ljos malt av bygg dyrka i Skjåk. Her er det svært lite nedbør og bøndene kan kontrollere når åkeren får vatn. Dette gjev kornet
ekstra god kvalitet. Gjev Vårherre oss sol, så skal oss sjølv skaffe væte, har det alltid vore sagt.

Korndyrking har i alle tider vore vesentleg for eksistensen i bygdene i Ottadalen. Storstabburet vart bygt tidleg på 1600-talet som tiendebu for å samle korn som skatt til kyrkja. Kornet som vart brukt til øl, var alltid det tyngste og beste i kasta. Veggjekornet som dei kalla det. Lom og Skjåk var ei og same kommune fram til 1866.