Mjødurt, eller ølgras, veks i skog og eng ved vatn og bekker – også høgt til fjells. I blomstringa er dette ei vakker plante med ei utprega sterk og søt lukt som minner om nyslått høy. Mjødurt blir brukt som krydder i vin og brennevin og skal ha ei rekkje medisinske eigenskapar.