Galdhøpiggen (2469) er det høgste fjellet i Nord-Europa. «Piggen» ligg i den sentrale Jotunheimen i Lom kommune. Fjella i Jotunheimen høyrer til Den kaledonske fjellkjeda, som fekk si nåverande form i istida for om lag 12000 år sidan. Knud O. Vole var ein legendarisk fjellførar i Jotunheimen i ein lang mannsalder. Han reiste dei fyrste hyttene ved Juvvatnet og på toppen av Galdhøpiggen. Dette var svært viktig for utviklinga av reiselivet i fjellområdet.