Leiren Laks

Hordaland

Herskapeleg, nydeleg røykt og grava regnbueørret og laks, slik generasjonane før oss har gjort det.

Leiren Laks er ei lita verksemd som handsamar kvar fiskebete med nøyaktighet og kjærleik. Her er alt basert på handarbeid slik me har lært det av generasjonane før oss. Me heldt til på Stamnes, ca 1 time nord for Bergen.

I tidlegare tider fanga me laks og ørret frå laksegilja vår. Noko av fisken vart seld til oppkjøpar og noko vart nytta til eige bruk. Røyking av fisk var ein naturleg del av matauken og den vart sjølvsagt servert i selskap og andre festlege lag. Det er kunnskapen frå "farne tider" me baserer oss på når me foredlar fisken i dag. Forfedrane våre visste godt korleis dei skulle ta vare på den dyrebare maten og dette er viktig for oss å føre vidare. Fersk "sprakje" / einer vert nytta i røykjeprosessen.

I 2013 fekk me to 3. plassar i NM for våre produkt. I 2015 vann me Det Norske Måltid med Grava regnbueørret. Dette meiner me vitnar om kvalitet på produkta våre.

Den grava fisken vår er laga på tradisjonelt vis med bla. salt, dill og andre krydderier.

Fisken vert i all hovudsak kjøpt frå lokale og gode oppdrettsanlegg. Tida frå me hentar fisken til den vert bearbeida er difor kort. For oss er det viktig at fisken er ferskast mulig når me skal jobbe med den.

Fisken kan leverast i heile sider, ca 1 kg, og i mindre betar.
Me har også flotte gåveesker som kan nyttast feks i samband med firmagåver eller endre gåver.

Me leverer også røykt villaks.

Alle produkter fra Leiren Laks

Leiren Laks

Grava regnbueørret og laks

Grava regnbueørret og laks med dill og andre krydderier. Produktet smeltar på tunga og kan nyttast både til kvardag og fest.

Gå til produkt

Leiren Laks

Røykt regnbueørret og laks

Generasjonane før oss var oppteken av at sprakjen skulle vere fersk under røykjeprosessen. Det er me også

Gå til produkt

Godkjenn produsent

Produsenten er godkjent, og er varslet på e-post.

×

Godkjenn produsent

Produsenten er fjernet som godkjent, og er varslet på e-post.

×

En feil oppstod

×

Producer has veiledningsavtale

Should there be a message here?

×

Producer has no veiledningsavtale

Should there be a message here?

×

En feil oppstod

×