JOHS. LUNDAL & SØNNER AS
Hordaland
Johs. Lundal & sønner AS er ei familiebedrift som held til på Teigland i eit flott vestlandsk fjordlandskap i Åkrafjorden, Etne Kommune. Her vert det produsert spekemat, pølser og pinnakjøtt etter god gammal oppskrift. Bedrifta har gjennom åras løp høsta mange medaljar for produkta i NM og har vore kåra til Norgesmester i spekemat.
Lundalfamilien har produsert spekemat i Åkrafjorden sidan 1870. Det var på fjellgarden Lundal oppunder Folgefonna på nordsida av Åkrafjorden i Etne Kommune det heile starta. Bonden Johannes Lundal hadde vore til Evanger og lært seg å produsera spekepølsa og kunsten med eldhusrøykjing der. Han hadde sauer og geiter på fjellbeite oppunder fonna. Desse slakta han om hausten og byrja å produsere ei mild og god fårepølse som blei heitande Åkrafjordpølsa.Fjellgarden Lundal ligg omlag 6 km opp frå sjøen (Åkrafjorden) så etterkvart blei det tungvint å bu og driva der. Familien flytta ned til Mosnes omkring 1923. Der fortsette son og soneson med produksjonen av Åkrafjordpølsa fram til 1966.
I 1966 flytta bedriften over til sørsida av Åkrafjorden, til Teigland. Det er her bedriften held til i dag og den blir driven av fjerde og femte generasjon Lundal. Me brukar framleis dei gode gamle tradisjonsrike produksjonsmåtane, og Åkrafjordpølsa blir produsert etter oppskrifta frå 1870.
Eldhusrøyken er ein viktig del i vår produksjon. Me fyrer med bål av oreved for å få den rette milde smak og fine farge på produkta våre.
Etter 1966 har det vore fire store påbygging- og moderniseringar i bedriften, ein i 1980, i 2005, 2009 og i 2015. Dette gjer at me har godkjente, rasjonelle og oppdaterte lokaler, og driv etter dei krav og det regelverk som gjeld for matproduksjonsbedrifter av i dag.
Alle produkter fra JOHS. LUNDAL & SØNNER AS
JOHS. LUNDAL & SØNNER AS
Lapskaus 900 g
HordalandFerdig lapskaus, god som heimelaga. Gluten- og laktosefri.