Hausten 2019 var me på tur til Tsjekkia med Europeisk Jersey Forum (EJF). Me besøkte fleire Jersey bønder som og hadde eigne meieri. Der fekk me sjå og prøva mange flotte og smakfulle produkt av jerseymelk. Då fekk Sonja ideen om kanskje dette kunne vera noko for oss. Me søkte om midler hos Innovasjon Norge for å finne ut om det var interesse for våre produkt. Me gjennomførte også ein markedsundersøkelse i dagligvare og storhusholdningsbransjen for å ha eit godt grunnlag for å sette i gang. Etter eit møte i Jæren Sparebank der me presenterte prosjektet, fekk me, etter litt justeringer, klarsignal for bygging. Me starta byggeprosessen våren 2021, og opna i desember 2021. Vi satsar på småskalaproduksjon frå eigne kyr og produserer yoghurt, fersk mjølk, ekta smør, fyldig rømme, is og andre prima produkt. Meieriet vårt er rigga for å produsere alle typar meieriprodukt, også ulike typar ost. Alt vi produserer her i meieriet er laga frå botn av. Det tek den tida det tek når mjølka skal separerast, fløyten skal syrnast til rømme, og rømmen etter kvart skal kinnast til smør. For å få eitt kilo smør trengst det rundt 15 kilo mjølk – og godt med tid. For det finst ingen snarveg til god mat. Jerseykyrne våre har eit høgt innhald av feitt og protein i mjølka. Mjølka har også ein karakteristisk gul farge. Fargen kjem av at mjølka har høgt innhald av karoten, eit A-vitamin som også finst i gulrot. Produkta våre har preg av den gule fargen. I gardsutsalet har vi også kjøt frå eigne dyr. både jersey og kryssingar mellom jersey og angus. Vi sel fersk kjøt når vi har det tilgjengeleg. Elles har vi våre eigne hamburgarar og jerseypølser som har blitt svært populære. Vi har to modningsskap kor vi heng kjøt til tørrmodning. Dette vert til T-bone, entrecote og høgrygg. Nå har me og akkurat fått inn fyrste runde med fersk lammekjøt og til jul vil det verte pinnekjøt, alt frå eigne sauer her på garden.