Hjønnevåg

Hordaland

Brødr. Hjønnevåg AS er ei tradisjonsrik bedrift som produserar og sel sjømat til daglegvarebutikkar, grossistar og storhushald i heile Noreg. PRODUKTSPEKTER: Fiskemat: fiskepudding ,fiskekaker, steinbitkaker, fiskeburgere m.m. Saltfisk: torsk Røykt fisk: laks/aure, torsk, sild, makrell, blåkveite, lange, hyse Lutefisk

Bedriftshistorie:

Brødr. Hjønnevåg AS som aksjeselskap vart stifta i 1977, men bedrifta si historie går heilt tilbake til 1948. Henrik B. Hjønnevåg starta bedrifta under namnet H. B. Hjønnevåg.
Henrik Bastiansen Hjønnevåg kom frå Solund i Sogn og Fjordane, der han dreiv med transport av fisk i brønnbåt, hovudsakelig frå Solund til Bergen. I 1939 kom han med familien sin til Uskedalen. (Uskedalen ligg i Kvinnherad kommune i Sunnhordland.) Her fortsatte han med fisketransporten fram til krigen begynte, då tyskarane konfiskerte båtane hans.
Han begynte så å jobbe på hermetikkfabrikken i Uskedalen, der han jobba til 1948 - då starta han sin eiga fiskematbedrift i Rosendal.

I 1951 bygde han seg hus i Uskedalen på Eikelandet. Her innreia han produksjonslokale i kjellaren på ca 35 kvadratmeter. No blei også kona, Gudrun Karina med i produksjonen.

På grunn av auka omsetning blei det behov for større produksjonslokale etter kvart. I 1958 bygde Henrik nytt produksjonslokale ved sjøen på Eikelandet i Uskedalen, og fekk no 85 kvm. til disposisjon. Henrik og Gudrun sine søner Alf og Harald vart også med i produksjonen, og etter kvart så vart det nødvendig å tilsetje ytterligare to medarbeidarar.

Dei lokale fiskarane i Kvinnherad stod for hovudleveransen av råvarene, men ein fekk og leveransar frå Bergen og Haugesund.

I 1962 overtok Alf og Harald bedrifta, og bedrifta skifta namn til Brødrene Hjønnevåg. I 1968 ble produksjonslokala utvida med ytterligare 115 kvm., til 200 kvm. totalt. Ein fekk no ein heilt avskilt fiskematavdeling, betre kjølemuligheiter og fryserom.
Brødr.Hjønnevåg blei aksjeselskap i 1977, og aksjane ble delt likt mellom Alf og Harald Hjønnevåg, sønene til Henrik og Gudrun.

Dei eksisterande produksjonslokala blei nok ein gong (1981) for tronge og for urasjonelle. Dette pga stadig aukande omsetning. Alternativet for bedrifta blei å byggja heilt nye lokaler. Hausten 1982 fekk bedrifta tomt på Børnes Industriområde, ca 1 km sør for dåverande produksjonslokale. Det nye produksjonslokalet var innflyttingsklart i november 1983. No hadde bedrifta 400 kvm. til disposisjon.
I 1989 blei denne bygningen ytterligare utvida med 150 kvm.
Seinare har ein fått ny lagerhall og nytt kjølerom.
I 2004 starta ei stor utviding og oppgradering av produksjonslokala. Totalt er det no 1200 kvm med produksjonslokale(2015). I 2014 gjorde bedrifta ei relativ stor ombygging inne i lokala for å ruste opp for ferdigpakka produkt.
Hjønnevåg har 2 eigne kjølebilar til distribusjon.

Hjønnevåg har 5 fagarbeidarar i fiskeindustri, 1 kokk, 1 konditor og 1 bakar i sin arbeidsstokk.
Utmerkelsar:
NM i Sjømatprodukt
2001: 2. plass Fiskepudding
2002: 2. plass Fiskekaker
2004: 2. plass Fiskepudding
2006: 3. plass Fiskepudding
2008: 2. plass Fiskepudding
2011: 2. plass Fiskepudding
2011: 3. plass Fiskekaker
2013: 1. plass Fiskepudding
2013: 2. plass Gourmetburger
2015: 2. plass Fiskekaker
2018: 1. plass Fiskepudding
2018: 2. plass Fiskeburger m ost og bacon

Hjønnevåg går spennande tider i møte i lag med sine gode kundar!

Alle produkter fra Hjønnevåg

Hjønnevåg

Fiskepudding 450 gr.

Fiskepudding laga av fersk fiskefilet

Gå til produkt

Hjønnevåg

Fiskepudding 700 gr

Fiskepudding laga av fersk fiskefilet

Gå til produkt

Hjønnevåg

Fiskekaker 400 gr

Fiskekaker laga av fersk hyse og sei

Gå til produkt

Hjønnevåg

Fiskekaker 700 gr

Fiskekaker laga av fersk hyse og sei

Gå til produkt

Hjønnevåg

HJØNNEVÅG FERSKE FISKEKAKER LØSVEKT

Fiskekaker laga av fersk hyse og sei

Gå til produkt

Hjønnevåg

Varmrøykt peppermakrell

Varmrøykt makrellfilet med krydder

Gå til produkt

Hjønnevåg

Varmrøykt makrellfilet

Varmrøykt makrellfilet med med salt/sukker blanding

Gå til produkt

Hjønnevåg

HJØNNEVÅG RØKT SILD FLEKT VAC

Røykt sildfilet vakumpakka (4-5 stk pr pakke)

Gå til produkt

Hjønnevåg

HJØNNEVÅG RØYKT LAKS OPPSKOREN 1/1

Røykt filet av fersk norsk oppdrettslaks (Salmo Salar), sukker og salt. Røykt med bøkefils.

Gå til produkt

Hjønnevåg

Spekesild

Spekesild som har lagt i saltlake

Gå til produkt

Hjønnevåg

HJØNNEVÅG LUTEFISK VACUM

Koteletter av tørket torsk (Gadus morhua) som er vatna ut og luta.

Gå til produkt

Hjønnevåg

HJØNNEVÅG RØYKT TORSK 400 G MAP

Produktet er produsert på linefanget, sjøfrossen fisk; torsk (Gadus morhua) som er filetert og saltet før røyking.

Gå til produkt

Godkjenn produsent

Produsenten er godkjent, og er varslet på e-post.

×

Godkjenn produsent

Produsenten er fjernet som godkjent, og er varslet på e-post.

×

En feil oppstod

×

Producer has veiledningsavtale

Should there be a message here?

×

Producer has no veiledningsavtale

Should there be a message here?

×

En feil oppstod

×