Hardangergutane AS

Hordaland

Hardangergutane produserer eplemost og sider i ulike varianter.

Hardangergutane AS som selskap, vart etablert i 2015 av dei 2 brødrene, Kristian & Karl Magnus. Lenge før dette starta me å laga eplemost frå eigne råvarer, til familie, venner og bekjente. Tilbakemeldingane var så gode at me etter kvart bestemte oss for å satsa på produksjon for salg.

Det heile starta på låven i den gamle driftsbygningen på garden vår på Sekse (austsida av Sørfjorden). Med enkelt produksjonsutstyr og stor entusiasme starta me opp.

Etter nokre år vaks me ut av driftsbygningen og har no etablert oss i større og meir tidsriktige lokaler på Børve i Hardanger, som er tilpassa vår produksjon.

Hardangergutane sine produkt er ekte og heilt utan tilsetjingar. Me legg vekt på at både smak og det visuelle er ivareteke, og har utvida sortiment med fleire sorter frukt og bær. Idag produserar me eit mangfald av eplemost og eplesider produkt.

Hardangergutane er idag ei familiebedrift kor fleire generasjonar jobbar saman og du finn oss i det gamle fruktlageret på kaien på Børve i idylliske omgjevnader. Velkommen innom til oss er du.

Ta gjerne ein kikkt på nettsida vår: www.hardangergutane.no. Du finn også på Facebook: www.facebook.com/hardangergutane og Instagram @hardangergutane


Helsing
Inger, Kristian & Karl Magnus.

Alle produkter fra Hardangergutane AS

Hardangergutane AS

Solglimt Eplesider

Hordaland

Halvtørr og perlende sider

Gå til produkt

Hardangergutane AS

Vindpust Eplesider

Hordaland

Halvtørr og perlende eplesider

Gå til produkt