Fjord Gardsmat as

Sogn og Fjordane

Handverksmat for matelskaren! Fjord Gardsmat lagar smakfull kjøt- og farsemat utan allergen som er tufta på lokale tradisjonar for den moderne gane.

Fjord Gardsmat sine kjøt- og farseprodukt er laga av lokalt råstoff frå gardar ved fjordane og øyane i Sogn og Fjordane.
I samarbeid med lokale bønder får vi godt kjøt av geit og sau frå utvalde rasar. Urter og krydder blandar vi sjølv frå grunnen av. Dette gjer vi for å ha kontroll med innhaldet. Alle oppskrifter er unike og utvikla av Fjord Gardsmat.

Vi har spesialisert oss på mat utan allergen og som er økologisk, Debio-godkjende. Dette er m.a.: grillpylser, røykjepylser, burger, kebab, geiterull og fårerull. Produkta er i hovudsak laga av geit-, får- og storefekjøt. Alle produkta er fôrdampa og må berre varmast, så er dei klare til å nytast!

Vi legg ned mykje tid, energi og kjærleik i å utvikle handverksprodukt; «mat utan», med tanke på dei som har eit særskild behov for dette. Vi vil gjerne nå fleire matelskarar som ynskjer rein og smakfull gardsmat.
Kontakt oss gjerne på på e-post: bestille@ / eller om de vil forhandle våre produkt; admin@fjordgardsmat.no

Våre produkt er å finne i Coop Vest sine Extra - butikkar i lokalmatavdelinga, frysemat. Vi er også å finne på mange marknadar.

Alle produkter fra Fjord Gardsmat as

Fjord Gardsmat as

Kebabrull Miklagard

Dampa rullar laga av kjøt frå geit og får, med krydder frå Midt-Austen

Gå til produkt

Fjord Gardsmat as

Røykjepylsa Fjellgeit

Dampa pylse med den "gode gammaldagse røykjesmaken"

Gå til produkt

Fjord Gardsmat as

Kebab frå Jórsalir

Kebabkjøt med krydder frå Midt-Austen, medium sterk.

Gå til produkt

Fjord Gardsmat as

Gyda’s Urtepylse

Grillpylser laga av økologiske råvarer med smak av sommar. Fôrdampa, klar til å nytast!

Gå til produkt

Fjord Gardsmat as

Fjellsprett Geiteburger

Med fyldig smak og herlege krydder

Gå til produkt

Fjord Gardsmat as

Kvitlaukspylsa Geirlaukr

Dampa pylse med ferskpressa kvitlauk.

Gå til produkt