Fjellestad Gardskjøken

Sogn og Fjordane

Fjellestad Gardskjøken har vore lokalmatprodusent sidan desember 1980. Vårt hovudprodukt for butikksalg er Søtosten Gombe og to sortar lefse. Snekalefse som passar veldi godt til Gombe. Skvettebrød som blir brukt som tilbehør til fiskemåltid. Fks rakfisk, lutefisk og brosme.

FJELLESTAD GARDSKJØKEN -ARV, TRADISJON & HANDVERK På Fjellestad har vi laga lokal mat av høg kvalitet i generasjonar. Oppskrifter og metodar har gått i arv, og tradisjonen ligg i hendene våre. "Som gardbrukar er eg stolt av å seie at vi er kulturdyrkarar – av både mat og landsskap. Vi kan garantere kvaliteten på produkta våre – for vi veit nøyaktig kor råvarene kjem frå", sier Egil Fjellestad, 2. generasjons drivar Gombe frå Fjellestad Gardskjøken har vore festmat i fleire generasjonar. Men i 1980 fekk Kari Ann Fjellestad, som alltid laga Gombe til festlege lag og selskap i Gloppen, eit spørsmål som starta noko større. Ein kar spurte om ho kunne lage Gombe, som han skulle gje vekk i julegåve til slekt og venner. Ho kokte fleire liter og fordelte det på boksar som blei til smakfulle julegåver. Etter det starta produksjonen av Gombe i større skala. Det er framleis tidkrevande handverk og små kvantum, men mange bekkar små blir ein stor å. I dag leverer Fjellestad Gardskjøken fleire tonn Gombe i året. Fjellestad Gardskjøken ligg høgt og luftig på Fjellestad, med utsyn over Gloppefjorden. Her har vi perfekte tilhøve for å produsere rein og lokal mat – frisk luft, godt jordsmonn og rikeleg med sol. Vi er opptekne av meir enn det ferdige produktet. For det er vi som driv jorda. Det er vi som tek imot kalvane når dei kjem til verda. Vi som steller for kyrne og gler oss når dei sprett frydefullt rundt på beitet. Den gode mjølka vi får er eit resultat av eit godt liv. Av mjølka lagar vi kvalitetsprodukt som lefser, Gombe og rømmegraut og vi leverer til store delar av landet. Då Kari-Ann Fjellestad byrja å lage og selje Gombe, såg eg raskt at dette var eit heimelaga produkt med stort potensial. Gombe og lefse er tradisjonsmat, som eg vaks opp med. På festbordet mitt har Gombe frå Fjellestad Gardskjøken ein naturleg plass. Bakar Jon, Byrkjelo

Alle produkter fra Fjellestad Gardskjøken

Fjellestad Gardskjøken

Skvettebrød - lefse til fiskemat

Skvettebrød, tidlegare kalla fiskelefse, vart skvetta med vatn før servering.

Gå til produkt

Fjellestad Gardskjøken

Snekalefse - smurt tynnlefse

Namnet Snekalefse kjem av at leivane som nyttast til denne typen lefse vart bløytt med mjølk før servering, kjent som «å sneke».

Gå til produkt

Fjellestad Gardskjøken

Gombe - søtost fra spretne vestlandskyr

Gombe er ein type søtost, som tradisjonelt har blitt brukt til lefser som fest- og høgtidsmat. Gomba frå Fjellestad Gardskjøken er laga av fersk mjølk frå eigen gard.

Gå til produkt

Godkjenn produsent

Produsenten er godkjent, og er varslet på e-post.

×

Godkjenn produsent

Produsenten er fjernet som godkjent, og er varslet på e-post.

×

En feil oppstod

×

Producer has veiledningsavtale

Should there be a message here?

×

Producer has no veiledningsavtale

Should there be a message here?

×

En feil oppstod

×