Brulandselva tradisjonsbryggeri

Sogn og Fjordane

Brulandselva vart grunnlagd i 2016 for å ta vare på den rike gardsøltradisjonen i Indre Nordfjord. Målet vårt er å vise at det gamle norske ølet kan måle seg med dei aller beste øla i verda!

"Nordfjordølet" er lyst og leskande. Det er brygga rått for å bevare den gode maltsmaken, og vi nyttar vår eigen kveik som er bevart på gardane her i fleire hundre år. Kveik er ei blanding av gjær som oppførerer seg ekstremt samanlikna med vanleg ølgjær. Den er svært hardfør og lagar godt øl på høg gjæringstemperatur. Den arbeider også svært raskt. Dette har ført til at industrien nyttar kveik til å spare tid og pengar. Men vi ynskjer å få fram at kveiken også gjev ein unik norsk smak på ølet, og at dette er eit ur-øl med ein heilt unik kompleksitet.
https://www.youtube.com/watch?v=6InOfER2mic

Alle produkter fra Brulandselva tradisjonsbryggeri

Brulandselva tradisjonsbryggeri

Spissøl

Tørstesløkkjar, slåtteøl og sommarøl med lange tradisjonar i Nordfjord. Råøl med kveik.

Gå til produkt