
Alde
Vestland
Gardsproduksjon av sider og eplemost frå Bleie i Hardanger
Alde er eit gamalt namn for eple i Hardanger og på garden har ein dyrka eple sidan frukta kom til fjorden. Pressing til eplemost har og gjenge føre seg langt attende i tid. Men mosten var då ei ferskvare som berre gardsfolket fekk drikke i nokre dagar, før det gjekk over til sider. I dag pasteruriserer eg den ferske mosten g kjøler den raskt ned for å halde på den friske smaken slik at du kan nyta den som dei få heldige fekk i gamle dagar.
Alt på stell
Denne produsenten har gjennomført egenrevisjon
