Ulvik Frukt & Cideri

Hordaland

Ulvik Frukt & Cideri er ei familiebedrift som foredlar garden sine eple til mange typar eplemost,sider m alkohol og eplesidereddik. Garden har over 20 eplesortar (mange gamle) som kan gje stor smaksvariasjon. Prøv eplemost og sider til ulike matrettar! ”Den gode eplesmaken” er basis for alle produkta våre.

Ulvik Frukt&Cideri er ei familiebedrift på garden Hakastad i Ulvik i Hardanger. På Hakastad har det vore dreve fruktdyrking i fleire hundre år.
Garden ligg sørvendt og solrikt midt i fruktbygda Ulvik i Hardanger.
Det gode klimaet og jordsmonnet gjev grunnlag for ei svært god utvikling av frukta – det beste utgangspunkt for spennande smaksopplevingar. Garden er på omlag 30 da med eple og litt søtkirsebær. Med over 20 eplesortar /mange "gamle" kan dei laga mange ulike smakar på produkta sine.
Med utgangspunkt i dette sortsutvalet, kan me tilby ulike smaksvariasjonar av eplemost og sider spesielle for garden Hakastad.
Me lagar lagar desse eplemostane frå tørre til søtare: Idunn/Franskar, James Grieve, Gravenstein, Aroma, Karin Schneider og Discovery. I tillegg lagar me dei raude blandingsmostane Aroma/Aronia og Aroma/Svarthyll. Me har og Sider frå Hardanger m alkohol - ein Gravenstein på 4,7% for butikksal. I tillegg fleire typar sider over 4,7%. Nytt produkt er Eplesidereddik frå Hardanger laga av merkevara Sider frå Hardanger.
Prøv eplemost og sider til ulike matrettar!
”Den gode eplesmaken” er basis for alle produkta våre.

Alle produkter fra Ulvik Frukt & Cideri