Svanøy Røykeri AS
Sogn og Fjordane
Kombinasjonen av lokale råvarer, gamle røyketradisjonar og varsam handtering av kvar laks gjer Svanøy Røykeri AS til ein av dei fremste leverandørane av høgkvalitets røykelaks i Norge. Våre produkter: Røykelaks,marinert røykelaks, varmrøykt laks, og gravlaks.
Svanøy Røykeri AS står idag for produksjon og sal av røykelaks, varmrøykt laks og gravlaks. Hausten 2012 flytta Svanøy Røykeri ut frå driftsbygningen til Svanøy Hovedgård som har vore produksjonslokala sidan 1992 og inn i nytt moderne bygg på Sanden ved Svanøybukt kai.Strategien til Svanøy Røykeri AS er å produsere, foredle, marknadsføre og selje produkt basert på råvarer frå Svanøy. Vi driv heile tida med produktutvikling, noko som har resultert i mange spennande og gode varianter.
Også då prøver vi å ta utgangspunkt i kva naturen på Svanøy har å tilby. Eit godt eksempel på det er vår porsmarinerte røykelaks. Til den har vi laga vårt eige porsbrennevin som laksen vert marinert med. Eit anna godt eksempel er vår ramsløkmarinerte røykelaks. Vi plukka ramsløken her på Svanøy og lagar ein purè som vi har på laksen. Høg kvalitet er eit varemerke, og målsettinga er ikkje å bli størst men best innan vår nisje.
Utsalgssted
Produkta kan kjøpast på Bondens Marked i Førde og Bergen, ved besøk, ved bestilling over mail, tlf eller nettbutikk på websidene - klikk deg inn på www.svanoylaks.no. Vi brukar posten/bring til distribusjon, og kan sende laks over heile landet utan problem.
Der er også fleire utvalde butikkar som sel laksen vår i dag i Florø, Naustdal, Førde, Svelgen, Sogndal, Nordfjordeid, Byrkjelo, Sandane, Stryn, Jølster, Bergen, Knarvik, Åsane, Lom, Oslo, Bærum og Asker. Sjekk ut heimesida vår for å finne nøyaktig kva butikkar som selger Svanøylaksen.
Alle produkter fra Svanøy Røykeri AS
Svanøy Røykeri AS
Svanøytrio
Einerrøykt lakseside som er delt i tre bitar og marinert med Kvitløk, Cognac og Krydder eller Akevitt, Tradisjonell og Pors.
Svanøy Røykeri AS
Gravlaks med dill og kvit pepar
Grava Svanøylaks med dill og kvit pepar
Svanøy Røykeri AS
Ramsløkmarinert Einerrøykt Svanøylaks
Einerrøykt Ramsløkmariner Svanøylaks. Finnes i bitar og heile sider.
Svanøy Røykeri AS
Porsmarinert Einerrøykt Svanøylaks
Einerrøykt Pormarinert Svanøylaks. Finalist i Det norske måltid 2016! Finnes i mindre bitar og heile sider.
Svanøy Røykeri AS
Akevittmarinert Einerrøykt Svanøylaks
Einerøykt Akevittmarinert Svanøylaks. Finnes i mindre bitar og heile sider.
Svanøy Røykeri AS
Cognacmarinert einerrøykt Svanøylaks
Einerrøykt Cognacmarinert Svanøylaks. Finnes i mindre bitar og heile sider.
Svanøy Røykeri AS
Kvitløksmarinert Einerrøykt Svanøylaks
Einerrøykt kvitløksmarinert Svanøylaks. Finnes i mindre bitar og heile sider
Svanøy Røykeri AS
Kryddermarinert Einerrøykt Svanøylaks
Einerrøykt kryddermarinert Svanøylaks. Finnes i mindre bitar og heile sider.
Svanøy Røykeri AS
Tradisjonell Einerrøykt Svanøylaks
Den klassiske einerrøykte laksen. Finnes i bit (ca 375 g) heil side (ca 1,15 kg) og som ferdig oppskoren side.