Sunnmørsmat AS

Møre og Romsdal

Sunnmørsmat AS vart etablert på Sørengarden på Haramsøy i 2013. Grunnlaget for selskapet er eit omfattande arbeid over mange år og ein lidenskap for lokal mat med høg kvalitet. Dette har resultert i både Sunnmørsegg og Grasfôra kjøt.

Sunnmørsmat AS sel og marknadsfører både Sunnmørsegg og Grasfôra kjøt frå gardar som selskapet samarbeider med. Selskapet er leverandør både til daglegvarehandelen og til restaurantmarkedet. Det er òg mogleg å kjøpe varer frå gardsutsalet på Sørengarden der selskapet har sitt kontor.

Kvalitetsprofil
Gjennom mange år har vi som står bak Sunnmørsmat arbeidd med å utvikle matvarer som skal gi kundane våre gode matopplevingar. Det har vore lagt ned eit omfattande arbeid mellom anna i samarbeid med Nofima Mat AS (tidlegare Matforsk) og vi har hatt finansiering frå Midt-Norsk Forskningsfond etter søknad behandla i forskningsrådet. Vårt omfattande og grundige arbeid med kvalitet vert vidareført ved at vi samarbeider med andre bedrifter som har høg fokus på kvalitet.
Vårt mål er at våre kunder skal oppleve våre produkt som dei beste produkta som er på marknaden!

Sunnmørsegg
Mellom fjord og fjell langs Sunnmørskysten ligg gardane Sørengarden på Haramsøy, Nilsgarden på Skaar og Fjellvegen Gard på Haramsøy. Sunnmørsegg er resultatet av dei to gardane sin felles lidenskap for ferske og kortreiste matvarer.
Produsert lokalt, og med eit naturleg og eigenutvikla spesialfôr, gir vi hønene våre den beste næringa dei kan få, noko som resulterer i den reine og gode smaksopplevinga som Sunnmørsegg har blitt så kjent for.
Etterkvart har hønene fått nye boligar der dei går fritt både høgt og lavt og kan velje om dei vil «bade» i strøet, vagle seg i høgda eller slappe av i eit av reira.
Frå bakverk til frukostbordet; Sunnmørsegg passar ypparleg uansett. Etter meir enn 50 års erfaring med egg kan vi med handa på hjartet seie at gulare blir dei ikkje!

Alle produkter fra Sunnmørsmat AS

Sunnmørsmat AS

Sunnmørsegg Frittgåande, 10 stk

Egg produsert av utvalgte gardar på Sunnmøre

Gå til produkt