Mestparten av råvarene til produksjonen hentar vi frå gamle bærhagar i Eidsdal og nabobygda Norddal. Ein viktig del av filosofien vår, er å ta i bruk unytta ressursar; td. plommer og eple frå tre som ikkje har vore hausta på mange år. Det er viktig for oss at produksjonen vår er lokal og berekraftig. Når dette resulterer i gode produkt og rike smaksopplevingar, har vi alle vunne.