MARTHAS DELIKATESSER AS

Hordaland

SLIK GODE MAJONESSALATAR SKAL LAGAST. Me kan ikkje seie at Marthas salatar er handlagde. Men det er ikkje langt unna sanninga. Salatane våre vert laga av rause karar og damer på Sotra, med kjærleik og respekt for gode mattradisjonar. Med gjennomgåande mykje og gode råvarer - ikkje berre på toppen. Marthas salatar smaker av kva det er laga av. Og det står me for. Våre majonessalatar inneheld mykje gode råvarer, noko som gjer at dei smakar ekstra godt. For storkjøken har me majonesbaserte salatar og sild i to kilos spann. Særs populære produkt blant kantiner, hotell, restaurantar og butikkar med ferskvaredisk.

REKESPESIALISTEN Då Ole Magne Høyland sat og åt hotellfrukost ein morgon i 1992, kunne han ikkje finne ei einaste reke i rekesalaten. Berre majones og fyllmasse. I mai same år overtok han eit produksjonslokale og nokre salatoppskrifter frå Robert Halleraker på Sotra - like utanfor Bergen, og starta Rekespesialisten. Han justerte rekeinnhaldet i rekesalaten frå 15 til 50 prosent. Dette er framleis ein viktig del av filosofien til Marthas Delikatesser, vi kompromissar ikkje på kvaliteten her i garden. MARTHA OFFERDAL Ole Magne la sjela si i Rekespesialisten og arbeidde frå morgon til kveld. Som Ole Magne sjølv seier: ”Eg byrja så tidleg at eg helste på bakaren når han kom på jobb.” Året etter kom sildedronninga Martha Offerdal rekande med sine ettertrakta sildeoppskriftar og gav bedrifta fleire bein å stå på. Sildeprodukta gjekk under namnet Marthas Hjertegode kjøkken og produksjonen vart flytta til større lokalar på Ekerhovd. Tida gjekk og salet, distribusjonen og produksjonen av salatar og sildeprodukt auka. I 2003 tenkte Ole Magne at yngre kreftar kunne få overta stafettpinna, og han selde til sonene sine, Frode og Ole Martin, og Hallgeir Haugland. Karane bretta straks opp skjorteermane, skifta ut maskinparken, moderniserte produksjonslokala og bytta namn frå Rekespesialisten til Marthas Delikatesser. ENGASJERTE KARAR Takka vera engasjerte medarbeidarar og ein stadig aukande skare fornøgde kundar, finn du i dag Marthas salatar i butikkane frå Rørvik i nord til Egersund i sør. Og sjølv om vi veks passar Ole Magne framleis på at vi aldri gløymer at grunntanken bak Marthas er kvalitet. Derfor vil Marthas salatar alltid smaka av kva det er laga av.

Alle produkter fra MARTHAS DELIKATESSER AS

MARTHAS DELIKATESSER AS

Marthas Rekesalat (40% reker)

Ein klassisk rekesalat med rause mengder store dypvannsreker. Nesten halvdelen av salaten er verkeleg reker, berre tell sjølv.

Gå til produkt

MARTHAS DELIKATESSER AS

Marthas Potetsalat (60% poteter)

Poteter kan brukast til så mangt. Poteter gjer seg veldig godt i vår potetsalat i alle fall.

Gå til produkt

MARTHAS DELIKATESSER AS

Marthas Italiensk Salat (50% råkost)

Det er mykje frisk kål og knasande gulrøtter i ein god italiensk salat. Derfor har me fyllt halvdelen av begeret med skikkeleg råkost.

Gå til produkt

MARTHAS DELIKATESSER AS

Marthas Krepsehalesalat (40% krepsehalar)

Ein skikkeleg god påleggssalat med saftige krepsehalar, ananas og paprika.

Gå til produkt

MARTHAS DELIKATESSER AS

Marthas Rødbetsalat (58% rødbeter)

Fyldig rødbetsalat med ein nydelig smak og dyp, innbydande farge. Sjølvsagt rikeleg med råvarer og heile 58 % rødbeter.

Gå til produkt

Godkjenn produsent

Produsenten er godkjent, og er varslet på e-post.

×

Godkjenn produsent

Produsenten er fjernet som godkjent, og er varslet på e-post.

×

En feil oppstod

×

Producer has veiledningsavtale

Should there be a message here?

×

Producer has no veiledningsavtale

Should there be a message here?

×

En feil oppstod

×