Lykle

Sogn og Fjordane

Lykle er namnet på produkta som vert leverte frå Aabrekk Gard. Lykle finn du i eit utval av butikkar og hotell i Sogn og Fjordane. Gardsmat av finaste kvalitet.

Lefser: laga etter Nordfjordlefse-oppskrift. Den kan variere frå bygd til bygd. Fyllet i lefsa er rørt smør og melis smaksett med litt vaniljesukker og litt rømme. I lag med gombe er dette festmat.
Flatbrød: Baka etter oppskrift som vi har brukt her på Aabrekk Gard i fleire generasjonar. Vi kokar poteter og mæl dei på kvern, har i havregryn som har lege i bløyt over natta, fin og grov grovekveite, salt og skumma-mjølk. Av denne deigen blir det flatbrød med god smak. Det smakar godt til fisk og spekemat - eller bryt flatbrødet i småbitar i ei skål, slå over surmjølk og strø på litt sukker.
Fiskelefse: Tradisjonen med lefse til fisk er ikkje så gamal her hos oss, men dei siste 25 åra har vi brukt den til lutafisken 1. juledag. Å pakke fisk inn i lefse ilag med potet, gulrot og godt smør er kjempegodt. Og til rakfisk er lefse sjølvskrive. Tips: Smør ramsløk-smør over lefsa, og legg over røyke-laks, rull saman og nyt!
https://www.youtube.com/watch?v=ULiV36MhLUY

Alle produkter fra Lykle

Lykle

Lykle Fiskelefser

Fiskelefse fra Aabrekk Gard

Gå til produkt

Lykle

Lykle Flatbrød

Flatbrød fra Aabrekk Gard.

Gå til produkt

Lykle

Lykle Lefser

Nordfjordlefse

Gå til produkt