Kinn Bryggeri

Sogn og Fjordane

På Kinn Bryggeri lagar vi handverksøl i engelsk og belgisk stil basert på det reine vatnet frå Sagafjella. Gamle handverksteknikkar, som open gjæring og flaskemodning er viktige for oss. Ingen av våre øl blir pasteuriserte eller filtrerte, og alt blir produsert på våre bryggeri i Florø.

Alle produkter fra Kinn Bryggeri

Kinn Bryggeri

Vestkyst

Vestkyst er eit så kraftig humla øl at dei fine, fruktige smaksnyansane frå den opne gjæringa blir meir kamuflerte. Maltblandinga av pale ale malt og to sortar karamellmalt er viktige for å balansere humlen. All humle blir tilsett siste halvtimen av kokinga, noko som løftar smak og aroma på ølet. Etter primærgjæringa blir ølet tørrhumla i tanken i 9 dagar med Amarillo, Cascade, Simcoe og Zeus, før det blir tappa på flasker og fat for naturleg karbonering. Vestkyst har henta namnet sitt frå amerikanske indiaøl og frå det faktum at Kinn Bryggeri er lokalisert i den vestlegaste byen i Noreg. Den kraftige humlesmaken står godt til krydra mat og faktisk også til pinnekjøt av lam. Prøv også Vestkyst til blåmuggost og til gulrotkake!

Gå til produkt