Juv

Sogn og Fjordane

Juv-saft av bringebær og rips Juv-sylte av bringebær og gamle eplesortar Hermetiske Juv-bringebær Dessert-bringebær i 300 gr korger med lokk Sylte-bringebær i 2 kg boks med lokk.

Juv-sylte Bringebær med gamle eplesortar Fjordklimaet er godt og det har vore dyrka frukt her sidan middelalderen. Inga Berge frå Myklebustdalen i Breim, gifte seg til Juv og har alltid brukt dei gamle eplesortane i matlaginga. Det vart tidleg starta med bringebær på garden og det var då naturleg å samle alle dei gode smakane og næringsstoffa i sylta som står på matbordet kvar einaste dag: Djuvsteinar er ”tidleg-epler” med mild og rund smak. Både fargen og smaken kan minne om fersken. Husmannen Lars Djuv hadde med seg eplesorten frå garden Djuvstein på Hopland så langt tilbake som 1850. No er det berre 3 epletre att i landet – alle på Juv. Bramleys Seedling er ”mat-epler” og sorten kom frå frå England. Epla er store, grøne og svært sure. Besta skrella og åt dei ved påsketider – då var dei gule og mjuke. Sjølv om ein kokar epla er smaken like rik og frisk og innhaldet av C-vitamin like høgt som i appelsin. Juv-saft Heimelaga saft av bringebær og rips Søt og god tradisjonell gardssaft. Smaken av milde bringebær og skarp rips er ekstra god og vart sett fram til helg og høgtid. Safta passar ekstra godt til laurdagsgrauten og risengrynsgrauten på julafta. Hermetiske bringebær Sjeldan handverk - etter ide frå Hennebygda i Nordfjord Server desserten rett frå glaset med piska kremfløyte og gjerne vaffelkjeks med sjokolade til. Desserten passar godt etter ein bedre hjortemiddag. Den flotte raudfargen gjer hermetiske bringebær til uslåeleg juledessert - prøv!

Alle produkter fra Juv