NB! Du må legge ut minst ett produkt for at din bedrift skal bli synlig i kartet
Antall produkter: 388
MARTHAS DELIKATESSER AS
Bergensk rekesalat
Vestland
Laga med ishavsreker og kjærleik av kjekke folk på Sotra.
Gå til produkt
Kinn Bryggeri
Rosa Kinn
Vestland
Rosa Kinn er eit lett og friskt øl med bringebær. Utgangspunktet er ein lys maltbase som vert syrna med ein kultur mjølkesyrebakteriar i meiskekaret over natta. Når ølet er kome på sekundærtank tilsett vi friske bringebær frå Fresvik i Sogn. Resultatet er eit fruktig syrleg øl med akkurat høveleg smak av bringebær. Rosa Kinn passar svært godt som apperitif eller til fruktdessertar.
Gå til produkt
Kinn Bryggeri
Pilegrim
Vestland
Pilegrim er ein lys og frisk engelsk bitter i Yorkshire-stil og det aller fyrste ølet som vart bryggja på Kinn Bryggeri i starten i 2009. Den er basert på den beste malten på marknaden: Maris Otter Pale Ale malt frå Thomas Fawcett, samt lys karamellmalt. Bitterheita er tydeleg og humlearomaen er frisk. Vi brukar hovudsakleg tradisjonelle engelske humlesortar (Target og Fuggles), for å gi den rette blandinga av krydder, jord og blomster. I tillegg gjev vi Pilegrim eit lite løft av amerikanske sitrustonar i aromaen med Centennial og Amarillo. Pilegrim blir tilsett eit enzym som bryt ned gluten frå bygg og er eit glutenfritt øl (<20 ppm). Passar fint til lyst kjøt, pizza, pasta og ikkje altfor sterkt krydra mat.
Gå til produkt
Kinn Bryggeri
Slåtteøl
Vestland
Slåtteøl er eit lett og friskt øl i belgisk saison-stil. Vi let trappistgjæra vår jobbe fritt opp imot heile 26 for å få eit godt utgjæra og krydderprega øl. Dette ølet er svært tørt, nærmast syrleg. Vi brukar Pilsner malt som basis og tilset mindre mengder surmalt, kveitemalt, karamellmalt og bayermalt. I tillegg brukar vi ein liten tanke sjokolademalt for ein djupare gylden farge. Humlinga er markant med Northern Brewer som bitterhumle, og klassikaren East Kent Goldings for ein balansert aroma med innslag av blomar og krydder.
Gå til produkt
Lagre søk
Søket er lagret
Søket finner du igjen på siden Lagrede søk.
Lagrede søk
×
Lagre søk
En feil oppstod
×
laster google kart....