VOSS GARDSSLAKTERI

Hordaland

Eit lite slakteri og gardsutsal på garden Selheim på Voss. Me slaktar og foredlar storfe, gris og lam. Me sel ferskt kjøt, spekemat, korv, røykt kjøt og grillmat laga av kjøt frå eigne dyr. Leverer til restauranter, kafear og private etter avtale.

Heldiggriser får døy heime. Kvalitet og smak på kjøtet vert betre når dyra ikkje opplever stress omkring transport, oppstalling og slakting. Dette gjer at me kan modna kjøtet lenger og slik auka kvalitet og smak enno meir. Me kan også tilby stor grad av fleksibilitet når det gjeld nedskjering og modning etter kunden sine ynskjer. Vår matproduksjon er tradisjonelt handverk, og røyking av korv og kjøt skjer i eldhus med orreflis. Spekemat produksjonen vår er inspirert av Middelhavslanda, og me prøver å nytta minst mogleg salt for å få fram den gode smaken.
På garden har me mjølkeproduksjon, kombinert produksjon av gris med 45 purker og ammekyr av den gamle norske rasen Vestlandsk fjordfe.
Dyra beitar frå 1 mai til ca 20 oktober. Om sommaren har me både purker med smågris og slaktegris gåande ute heilt fram til slakting om hausten.

Alle produkter fra VOSS GARDSSLAKTERI

VOSS GARDSSLAKTERI

Grillgris/heil smågris

Heil smågris til heilgrilling. Lån av grill er inkludert.

Gå til produkt

VOSS GARDSSLAKTERI

Selheimsalchichòn med Hardanger Sider

Spekepølse laga av kjøt av eigne griser.

Gå til produkt

VOSS GARDSSLAKTERI

Lam

Me har ferske lam frå fjellbeite på Voss september og oktober. Resten av året har me ulike stykningsdelar som er frosne.

Gå til produkt

VOSS GARDSSLAKTERI

Selheimskorv

Lettrøykt Vossakorv laga på tradisjonell måte. Laga av storfe, gris og lam i blanding. Skal trekkja i ca 30 min.

Gå til produkt

Godkjenn produsent

Produsenten er godkjent, og er varslet på e-post.

×

Godkjenn produsent

Produsenten er fjernet som godkjent, og er varslet på e-post.

×

En feil oppstod

×

Producer has veiledningsavtale

Should there be a message here?

×

Producer has no veiledningsavtale

Should there be a message here?

×

En feil oppstod

×