Undredal Stølsysteri
Sogn og Fjordane
Ysteriet midt i Nærøyfjorden verdsarvområde
Me er tre familiar som driv Undredal Stølsysteri i lag. Me lagar kvit og brun geitost av fersk, rå mjølk frå eigne geiter. Sesongen startar i februar og endar i oktober.Du finn osten vår på Bondens Marked i Bergen og andre marknader i nærområdet, på Underdalsbui og i delikatessebutikkar og gardsmatutsal i Sør-Norge. Bergen, Oslo og mange andre byar og tettstader har osten vår i disken.
Brun Undredal er flaggskipet vårt. Den har den friske geitsmaken, men er avrunda med litt kufløyte.
Kvit Undredal er vår kvite geitost. God som pålegg, i matlaging eller som kosemat på planke eller rett i munnen i lag med noko godt. Osten finst som nylagra, mellomlagra, vellagra og eldgamal. Her finn alle sin favoritt.
Me ystar måndag til fredag, og bruker berre fersk, rå mjølk, dvs mjølk frå kvelden før og same morgon. Mjølka er ikkje behandla på noko vis.
Alle produkter fra Undredal Stølsysteri
Undredal Stølsysteri
Kvit Undredal, nylagra geitost
Kvit geitost laga av fersk mjølk frå våre eigne geiter.
Undredal Stølsysteri
Kvit Undredal, mellomlagra geitost
Kvit geitost laga av fersk, rå mjølk frå våre eigne geiter.
Undredal Stølsysteri
Kvit Undredal, vellagra geitost
Kvit geitost laga av fersk mjølk frå våre eigne geiter. Osten fekk gull i klassen for ost i Det Norske Måltid 2012.
Undredal Stølsysteri
Kvit Undredal, eldgamal geitost
Kvit geitost laga av fersk mjølk frå våre eigne geiter.
Undredal Stølsysteri
Sognakvitost geitost
Kvit geitost laga av mjølk frå våre eigne geiter