


Støylen Egg
Vestland
Økologisk eggproduksjon med fokus på dyrevelferd.
Mellom høge fjell i ein trong dal ligg Støylen Egg.
Etter over 50 år med eggproduksjon i forskjellige drifts-
former, har vi no 7500 høner i økologisk eggproduksjon.
Her lever hønene i eit fritt miljø der dei har
tilbud om å gå ut i det fri heile året. Skogsområdet er
favoritten, der føler dei seg tryggast. Og når kvelden
kjem, er alle på plass inne i hønsehuset heilt frivillig.
Hønene har tilgang til meat og vatn inne, og naturleg
dagslys får dei frå "Solatube" dagslyssystem
gjennom taket. Og i tillegg til den ekstra gode plassen
inne i huset og tilgang til uteområde, så gjer vi kvar dag
det vi kan for at hønene har det så godt som mogeleg.
#Fjærkre