Solundmat AS

Sogn og Fjordane

Solundmat AS er lokalisert på Ytrøygrend i Solund. Vi ønsker å gje kundane særs gode matopplevingar ved å bruke villsau og fisk frå kysten. Produkta blir retta inn mot velrenommerte restaurantar, butikkar og private.

Solundmat AS er eit selskap som er eigd av heile ca 65 eigarar: lokale bønder, fiskarar og andre engasjerte personar, også regionale og sentrale. Du finner oss på Ytrøy Fiskemottak, som vart etablert i 1969. Etter lang og tru teneste for fiskarane, ble fiskemottaket lagt ned i 2010. Etter full renovering og innkjøp av meir moderne utstyr, vart bedrifta igjen opna i 2011 for meir allsidig drift.
Vi lagar klippfisk, spekepølser, snackspølser, fenalår og pinnekjøtt frå Villsau, samt smalahove. Kjøtet frå villsauen er rein delikatesse, magert, møyrt, mildt og smakrikt. Alt det raffinerte sauen kan velje mellom på kysten, gjer kjøtet nærmast sjølvkrydra, endå til med ei aning av vilt. Feittet er i hovudsak lagra kring innvollane, og kjøtet har dermed ideell marmorering. Typisk er den djupe, raudlege fargen. Det er veleigna både til pålegg og i vanlege lammerettar. Prøver du pinnekjøt eller fenalår av villsau, har du valt det for alltid. Ikkje rart at etterspurnaden etter villsaukjøt er stor både blant private og av finare restaurantar.

Alle produkter fra Solundmat AS

Solundmat AS

KLIPPFISK BURGER

Klippfisk frå Solundmat er av førsteklasses råvarer. Her har vi laga klippfisk burger som kan leggast rett på panna. Kan steikast frosne. Gjennomsteikast i godt smør.

Gå til produkt

Godkjenn produsent

Produsenten er godkjent, og er varslet på e-post.

×

Godkjenn produsent

Produsenten er fjernet som godkjent, og er varslet på e-post.

×

En feil oppstod

×

Producer has veiledningsavtale

Should there be a message here?

×

Producer has no veiledningsavtale

Should there be a message here?

×

En feil oppstod

×