Den snille Bia Omlag femten millionar summande bier i travel aktivitet sørger for å samla inn den honningen du kan kjøpa under merket «SnillBie». Dei arbeider for oss, bur i kubane våre og flyg over lyngheiane på Bømlo, heilt ut mot havet.Me synest det er fantastisk med dei små, arbeidsomme skapningane gir oss den gode honningen. SnillBier Birøkt handlar også om avl. Navnet SnillBie gjenspeglar eit målretta arbeid for å avle fram snillare bi-stammer av den lokale norske brunebia. Men mest av alt er det navnet på honningproduktet vårt! Me håper at det vert forbunde med noko godt, og at det er lett å hugse neste gong du er på jakt etter honning. Frå bi-næring til hovudnæring Framleis er birøkt bokstaveleg talt ei bi-næring for oss, begge har arbeid ved sida av. Men me ønskjer etter kvart å få det som hovudnæring, og har investert i ny produksjons- og lagerbygning og moderne produksjonsutstyr dei seinare åra. Vakkert samspel med naturen Birøkt er eit vakkert og nyttig samspel mellom natur og menneske, og det vil me gjerne formidla her på heimesida vår. Følg lenkene nedanfor og finn ut meir om bier, honning og SnillBie. Økologisk godkjend Me er stolte over at SnillBie er eit økologisk sertifisert naturprodukt. I juni 2008 vart honningproduksjonen hjå SnillBie økologisk godkjend av Debio. SnillBie Økologisk godkjend av Debio Økologisk honning- fri for forureining Den grunnleggjande tanken bak produksjon av økologisk honning, er å produsera sunn og rein honning – fri for alle slag av forureining. Det særeigne med økologisk honning frå SnillBie, er at bikubane står på øyar med kystlynghei. Næraste nabo er storhavet – og villsauer. Her er ingen forureining frå industri eller plantegift frå landbruk. Fyk ikkje biene kvar dei vil? – Men fyk ikkje biene kvar dei vil då? kan ein undra seg, – og kanskje til område som er sprøytt med plantegift, eller kunstgjødsel? Eller i område som er forureina av industri og motorvegar? Svaret er at biene fyk kvar dei vil. Men bikubane (husa deira), er plasserte i eit område som ligg minst 3 km frå slik forureining. 3 km er langt over den strekninga biene fyk bort frå kubane sine. SnillBie bier Krav til økologisk drift I tillegg til dette er der ei lang rekkje krav som lyt oppfyllast. Godkjenningsorgana Debio og Mattilsynet ser nøye etter at dei økologiske krava blir følgt. Til dømes er det slik at om hausten, etter at honningen er teken ut or kubane, får biene økologisk vinterfor. Dette i motsetnad til konvensjonell birøkt der ein brukar sukker. SnillBie All økologisk matproduksjon som er godkjent av Debio og Mattilsynet får lov å bruka godkjenningsmerket for økologisk mat. Me er stolte over og glad for at Snillbie-honningen får bæra dette merket, slik at du kan vera trygg på at det er eit reint produkt du kjøper. Framtida er økologisk! Det er SnillBie også! Ordforklaringar: Plantegift: Gift som bønder og hage-eigarar brukar på plantene for at dei ikkje skal bli angripne av insekt eller plantesjukdomar. Det høyrest kanskje smart ut, men den økologiske bonden synest dette er ein dum ide, fordi han veit at gifta kan drepe ein masse gode ting i jorda, samt slike nyttige dyr som edderkoppar og bier. Dessutan veit ein ikkje sikkert om sprøytinga er farleg for menneske. Det finst ofte litt restar av gift i dei plantene som er blitt sprøyta. Det viser seg at det er langt fleire fuglar på økologisk dyrka jorder, noko ein trur skuldast at jorder sprøyta med plantegift har fått drepe insekt og smådyr som fuglane lever av. Kunstgjødsel: Ei blanding av forskjellige stoff som plantene kan bruka for å få ein rask vekst. Den vanlege bonden brukar ofta kunstgjødsel saman med dyremøkk, som vert spreidd på jorda. Den økologiske bonden brukar berre møk frå dyr som gjødsel på jorda. Dette er også tryggare med tanke på våre drikkevatn-kjelder, som ligg under jorda. Kunstgjødsel kan samanliknast med ei vitaminpille som er kunstig laga. Me kan ikkje leva åleine av vitaminpiller – og den er heller ikkje så god som ei ekte gulrot. Økologi: Kjem av det greske ordet ”oikos”, som tyder ”hus”, og ”logi”, som tyder ”læra om”. Rett fram tyder det då ”Læra om å halda hus”. I dag vert ordet økologi nytta om mat/dyr/jord som er produsert/halde/dyrka i samsvar med reglane til Debio og Mattilsynet. Produksjon og kvalitet Den som smaker Snill Bie Lynghonning vil kjenna honningen vår er er fyldig og aromatisk. Dette er eit resultat av lyngkombinasjonen biene trekker på og omsorgsfull innhenting og bearbeiding. Det som særmerker vår lynghonning er kombinasjonen av nektar frå lyngsortane purpurlyng, klokkelyng og røsslyng. SnillBie Økologisk lynghonning med smak av røsslyng frå kystlyngheia på Bømlo Purpurlyng finst berre få stader i ytre strøk av Hordaland, samt enkelte stader i Rogaland. Smaken på lynghonningen kan for ein trent gane variera frå år til år, etter kor mykje nektar det er frå kvar av desse tre lyngsortane i honningen – ein kombinasjon som biene sjølv har oppskrifta på! Birøkt Biene våre vert røkta med stor omtanke og kunnskap. Slik legg me til rette for at dei skal leva godt og gjera jobben som fører til god honning i kubane. Etter at biene har samla nok inn i kubane (omlag midten av september) hentar me honningen inn frå bi-gardane og tar han inn i produksjonslokala våre. Produksjonen Honningen blir då sett på tørkerom ei tid, for å sikre at vatninnhaldet blir rett. Deretter tek me honningen inn på slyngerommet, der honningen blir tatt ut av honningtavlene som biene har laga. Honningen blir deretter grovsilt, og finsilt. Deretter skal honningen setjast til modning. Han blir rørt kvar dag til han får rett konsistens. Til slutt blir han tappa på dei karakteristiske, sekskanta glaskrukkene som du får kjøpt. Honningproduksjon hos SnillBie Krav til hygiene og kvalitet Lokala der lynghonningen blir foredla er godkjent av Mattilsynet, det same er alt materiale i produksjonsutstyret me nyttar. Me set dei strengaste krav til hygiene og kvalitet. Lynghonningen frå SnillBie er ikkje utsett for kunstige inngrep, som t.d. oppvarming, og har heller ikkje fått noko form for tilsetting. SnillBie Lynghonning er eit 100% naturprodukt!