Skarbø Gard

Soleglad skorpefri

Soleglad skorpefri er den mildaste varianten av Soleglad, ein frisk og smakfull ost med litt sprø konsistens. Fin til brød, og super i salat. Om du vil, set prikken over ien med ein liten klatt kortreist syltetøy eller gelé.

Vi ystar vinterstid, når mjølkemengda er på topp, og dei grøne bøane kviler under snøen. Så snart kyrne er mjølka om morgonen, er ystinga i gang, og gjennom dagen vert den heilt ferske, upasteuriserte mjølka forvandla til ostemasse, og så til runde hjul.

Heile prosessen er eit handverk utført med kjærleik, tolmod og nøyaktigheit. Fordi vi ikkje gjer noko anna med mjølka før ystinga enn å varsamt helle henne over i ystekaret, beheld vi den reine mjølka til fulle, med alt den har av næring og smak.

Modningslageret med veggar av naturstein og hyller av gran, har naturleg akkurat passe temperatur for at den gode og fyldige ostesmaken kan utvikle seg vidare. Der inne vert ostane snudde og stelte. Modninga kan halde fram i mange månader – dess lenger dei vert lagra, dess meir aroma får dei. Dette speglar seg i sluttproduktet, som vert noko av det sunnaste og beste du kan ete.

I salg hos Utvalde spesialforretningar og daglegvarebutikkar i regionen. Vi leverer også til restaurantar og hotell. For eit oversyn over noverande sals- og serveringsstader, sjå https://skarbogard.no/utsalssteder/

Oster Fastost Møre og Romsdal


 


Skarbø Gard

Møre og Romsdal

Skarbø er ein tradisjonsrik, familiedriven vestlandsgard som ligg ved Storfjorden på Stranda. I gardsmeieriet ystar vi...

Gå til produsent
Ingredienser Upasteurisert mjølk, syrekultur, løype, salt
Allergener Mjølk
Egenskaper
  • Upasteurisert, glutenfri, laga av fersk mjølk frå eigen gard
Holdbarhet 3 mnd frå pakkedato
Oppbevaring Kjølevare 0-4 ˚C
Næringsinnhold pr. 100g/ml
Energi
Fett
– mettede fettsyrer
Karbohydrater
– sukkerarter
Protein
Salt

Innhold

Ingredienser Upasteurisert mjølk, syrekultur, løype, salt
Allergener Mjølk
Egenskaper
  • Upasteurisert, glutenfri, laga av fersk mjølk frå eigen gard
Holdbarhet 3 mnd frå pakkedato
Oppbevaring Kjølevare 0-4 ˚C

Næringsinnhold

Næringsinnhold pr. 100g/ml
Energi
Fett
– mettede fettsyrer
Karbohydrater
– sukkerarter
Protein
Salt

Produktvarianter

  • Heile ostehjul på ca 3-5kg, eller forbrukarpakningar på 150-300gr, alt etter kunden sitt ynskje. Vi merkar etikettar med GTIN for vektvare.
    GTIN (F-pak): 23900603
Merk at produsenten selv er ansvarlig for informasjonen på denne siden. Den som tilbereder/serverer mat til en allergiker må alltid lese produktets ingrediensliste nøye. Stiftelsen Norsk Mat er ikke ansvarlig for eventuelle feil eller mangler i den oppgitte informasjonen.

Flere produkter fra Skarbø Gard

Skarbø Gard

Skarbø Sider Utvalde sortar

Møre og Romsdal

Sidrane våre er handverksprodukt, og laga med kjærleik i det vesle sideriet på garden. Skarbø Sider Utvalde sortar er laga av fleire gode, tradisjonsrike sortar, slik som Kaupanger, Torstein og Signe Tillisch, dyrka her på garden og i området rundt. Sideren er eit naturprodukt – spontangjæra og sulfittfri. Jordsmonnet og lokalklimaet gir eple med mykje god syre, og dei edle dropane får ein spesiell karakter og fylde.

Gå til produkt

Skarbø Gard

Skarbø Eplemost

Møre og Romsdal

Eplemosten vår inneheld berre hundre prosent eple frå garden vår og området rundt. Vi pressar most av ulike sortar, slik at alle kan finne sin favoritt. Mosten er fin å servere til gode måltid og ein herleg tørstedrikk.

Gå til produkt

Skarbø Gard

Carmen

Møre og Romsdal

Carmen kombinerer det beste frå nord og sør – fersk mjølk frå garden og krydder frå Spania. Den mjuke og milde osten får ei smakfull og spanande skorpe av røykt paprika og kaldpressa olivenolje. Drøym deg til sørlegare breiddegrader med Carmen, oppkalla etter Carlos si bestemor, som kvart år tørka lange remser av paprikaer i solveggen på det kvite murhuset sitt. Perfekt til tapas og vakker på ostebordet. Skjer gjerne fine skiver der den raude skorpa får pynte kvar bit.

Gå til produkt

Skarbø Gard

Soleglad lagra

Møre og Romsdal

Soleglad lagra er modna på granhyller i minst to månader. Smaken er frisk og rund, og konsistensen mjuk og fin. Passar til det meste, både som pålegg og til kos. Putt ein bit i munnen, og kjenn vårsol og yrande glede.

Gå til produkt