Skarbø Gard

Skarbø Eplemost

Eplemosten vår inneheld berre hundre prosent eple frå garden vår og området rundt. Vi pressar most av ulike sortar, slik at alle kan finne sin favoritt. Mosten er fin å servere til gode måltid og ein herleg tørstedrikk.

Dei nordlege breiddegradene, med lyse sommarnetter, og friske vindar frå nordvest, gjev epla heilt spesielle vekstvilkår. Dette gir ein ekstra fyldig smak og aroma på eplemosten. Alt vert laga i det vesle sideriet på garden, der epla vert kverna og pressa, og mosten pasteurisert og tappa på flasker. Vi tilset ingenting i prosessen, berre presisjon og arbeidsglede. Ei rein nyting!

I salg hos I sal hjå utvalde spesialforretningar og daglegvarebutikkar på Sunnmøre. Vi leverer også til restaurantar og hotell. For ei liste av sals- og serveringsstader: https://skarbogard.no/utsalssteder/

Drikkevarer Juice Møre og Romsdal


 


Skarbø Gard

Møre og Romsdal

Skarbø er ein tradisjonsrik, familiedriven vestlandsgard som ligg ved Storfjorden på Stranda. I gardsmeieriet ystar vi...

Gå til produsent
Ingredienser Eple
Allergener Ingen
Egenskaper
  • Pasteurisert, heilt fri for tilsetjingar.
Holdbarhet 24 mnd
Oppbevaring Aller best kjøleg og mørkt, men toler også romtemperatur.
Næringsinnhold pr. 100g/ml
Energi
Fett
– mettede fettsyrer
Karbohydrater
– sukkerarter
Protein
Salt

Innhold

Ingredienser Eple
Allergener Ingen
Egenskaper
  • Pasteurisert, heilt fri for tilsetjingar.
Holdbarhet 24 mnd
Oppbevaring Aller best kjøleg og mørkt, men toler også romtemperatur.

Næringsinnhold

Næringsinnhold pr. 100g/ml
Energi
Fett
– mettede fettsyrer
Karbohydrater
– sukkerarter
Protein
Salt

Produktvarianter

  • 70 cL
    GTIN (F-pak): 7072934000169
  • 35 cL
    GTIN (F-pak): 7072934000176
Merk at produsenten selv er ansvarlig for informasjonen på denne siden. Den som tilbereder/serverer mat til en allergiker må alltid lese produktets ingrediensliste nøye. Stiftelsen Norsk Mat er ikke ansvarlig for eventuelle feil eller mangler i den oppgitte informasjonen.

Flere produkter fra Skarbø Gard

Skarbø Gard

Skarbø Sider Utvalde sortar

Møre og Romsdal

Sidrane våre er handverksprodukt, og laga med kjærleik i det vesle sideriet på garden. Skarbø Sider Utvalde sortar er laga av fleire gode, tradisjonsrike sortar, slik som Kaupanger, Torstein og Signe Tillisch, dyrka her på garden og i området rundt. Sideren er eit naturprodukt – spontangjæra og sulfittfri. Jordsmonnet og lokalklimaet gir eple med mykje god syre, og dei edle dropane får ein spesiell karakter og fylde.

Gå til produkt

Skarbø Gard

Carmen

Møre og Romsdal

Carmen kombinerer det beste frå nord og sør – fersk mjølk frå garden og krydder frå Spania. Den mjuke og milde osten får ei smakfull og spanande skorpe av røykt paprika og kaldpressa olivenolje. Drøym deg til sørlegare breiddegrader med Carmen, oppkalla etter Carlos si bestemor, som kvart år tørka lange remser av paprikaer i solveggen på det kvite murhuset sitt. Perfekt til tapas og vakker på ostebordet. Skjer gjerne fine skiver der den raude skorpa får pynte kvar bit.

Gå til produkt

Skarbø Gard

Soleglad skorpefri

Møre og Romsdal

Soleglad skorpefri er den mildaste varianten av Soleglad, ein frisk og smakfull ost med litt sprø konsistens. Fin til brød, og super i salat. Om du vil, set prikken over ien med ein liten klatt kortreist syltetøy eller gelé.

Gå til produkt

Skarbø Gard

Soleglad lagra

Møre og Romsdal

Soleglad lagra er modna på granhyller i minst to månader. Smaken er frisk og rund, og konsistensen mjuk og fin. Passar til det meste, både som pålegg og til kos. Putt ein bit i munnen, og kjenn vårsol og yrande glede.

Gå til produkt