På Skarbø brenn vi for å skape gode opplevingar. Produkta våre er laga av førsteklasses, i stor grad sjølvdyrka råvarer, og det skal vere ei glede å nyte dei. Vi har ein flokk gode kyr som gir oss mjølk som vert til smakfulle ostar. I ystinga hentar vi inspirasjon både frå gardshistoria – Bygdens meieri var i drift på Skarbø fram til 1917 – og ifrå Carlos sine spanske røter i Sierra Nevada. Den eine osten vår, Carmen, er oppkalla etter Carlos si bestemor, og har skorpe av olivenolje og røykt, spansk paprika. Vi lagar også eplemost og sider av lokale eple. Frukt av fine tradisjonssortar dyrka her oppe, langt mot nord, gir ein ekstra fyldig smak og aroma. Vi lagar fleire produkt av ulike eplesortar, som kvar har sin smak og karakter. Vi er åttande generasjon på garden, og det har vore drift her i alle fall sidan Vikingtida. Det er både underleg og fint å tenkje på at forfedrane og -mødrene våre har dyrka denne same jorda som vi i dag tek hand om og lever av, i mange hundre år. Vi set vår ære i å lage gode kvalitetsprodukt på ein berekraftig måte, som tek vare på natur og kultur for framtidige generasjonar.