Lefsene blir laga på gamlemåten, på same oppskrifta – Ei oppskrift som har gått i arv i generasjonar.

Frå gamalt av var det vanleg at kvinnene på garden laga høge stablar med lefser og flatbrød. Under bakedagane kom det to bakstedamer til garden for å hjelpe til. Som oftast var det bonden sjølv som hadde ansvaret for elden i grua og steikinga. Baksten vart oppbevart på stabburet og teke fram ved festlege høve.

Potetene vi bruker i lefsene kjem frå nabogården. Desse skrellast og kokast før ein knar dei saman med deiga. Vi nyttar ikkje tilsettingsstoff i lefsene våre.