Vi har produsert gombe for sal sidan 1980, og sel årleg 10-11 tonn. Gomba vert forhandla av butikkar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I tillegg sel vi gombe på ulike festivalar og marknadar. Det vert ikkje nytta tilsetjingsstoff i gomba frå Fjellestad Gardskjøken.
Tips! Gombe til overs? Frys den ned. Kok varsomt opp etter tining og voilá! Gomba er like god som ny.