Doms Biltong

Hordaland

Ordet biltong stammar frå to nederlandske ord, «bil» og «tong». Bil betyr «rumpe» og tong betyr «strimmel» eller «tunge». Biltong er eit tradisjonelt tørka og krydra kjøtprodukt frå Sør-Afrika. Ulike typar kjøt kan bli brukt, som storfe, struts og vilt. Me i Doms Biltong bruker berre norsk storfekjøt i våre produkt. Nyt Biltong som eit mellommåltid med høgt proteininnhald, eller som turmat når som helst.

Doms Biltong AS ble stiftet i Mai 2015 med en drøm om å produsere og levere Biltong til det Norske markedet. Kjøkkenet ligger i Finnesvegen 16 på Voss, på den organiske gården Finneården.
Med våre kjøtprodukter ynskjer vi å tilby våre kunder nye smaks opplevingar. Me vil introdusera nye produkter av tørka og aldra kjøt.

Gründer
Matthew Doms er fødd og oppvaksen i Cape Town i Sør-Afrika. Her utdanna han seg innanfor lydteknologi før han valde ei anna retning, og satsa på ein livsstil prega av friluftsliv og ekstremsport.
Han brukte dei 5 neste åra på å reise og jobbe rundt i heile verda i «white water adventure industry». Det var interessa hans for friluftsliv som lokka Matthew til den vakre bygda Voss.
I denne bygda vart Doms Biltong grunnlagt i 2015, og det er her Biltong vert laga for hand i dag.

Gründer
Timothy Doms er også fødd og oppvaksen i Cape Town med bror sin, Matthew. Før han flytta til Voss i byrjinga av 2015, prøvde Timothy seg på jusstudiar før han fann ut at farmasi var meir passande.
Han studerte farmasi på «University of the Western Cape», og jobba deretter på «War Memorial Red Cross Children´s Hospital» i Cape Town i to år.
Etter å ha besøkt bror sin på Voss to gongar, bestemte også Timothy seg for å flytte til den vakre bygda der bedrifta vart starta.

Alle produkter fra Doms Biltong

Doms Biltong

Chilli Bites

Hordaland

Chilli bites er produktet vårt med det høgaste proteininnhaldet og den sterkaste smaken. Nøye utvalt kjøt blir skiva til tynne striper, krydra og hengt opp til tørk. Chilli bites gjev ei varm kjensle i munnen, men til og med folk som ikkje likar chili eller krydra mat vil kunne nyte dette produktet.

Gå til produkt

Doms Biltong

Chilli Biltong

Hordaland

Lokalt henta og nøye utvalt kjøt vert skore for hand, og krydra med sennepsfrø, spisskummen og persille før det vert marinert over natta. Kjøtet vert så hengt opp og lufttørka. Når kjøtet har nådd den ynskja tørrheita, vert det kutta opp og pakka. Nyt denne ferske Biltongen med mild og god smak rett frå pakken!

Gå til produkt

Doms Biltong

Original Biltong

Hordaland

Lokalt henta og nøye utvalt kjøt vert skore for hand, og krydra før det vert marinert over natta. Kjøtet vert så hengt opp og lufttørka. Når kjøtet har nådd den ynskja tørrheita, vert det kutta opp og pakka. Nyt denne ferske Biltongen med mild og god smak rett frå pakken!

Gå til produkt